Engelske frivillige:
På laurdags morgon kom to britiske frivillige som skal reise rundt i verda i eit halvt år og Amani centre er første stopp. Dei er veldig greie, men geografikunnskapane deira ekje noko saerleg daa dei lurte på kvar Noreg låg paa karte. vi e jo praktisk talt naboar. Vi forkalarte at vi låg i skandinavia ved sidan av sverige og ved nordsjøen. Dei kom daa fram til at dei eigentleg viste det, når vi sa det. Skikkelig kjekke jenter så blir kjekt å bli betre kjent med dei den månaden dei skal vere her.
Morogoro Hotell.
Søndag tok vi turen på Morogoro hotell full av forhåpningar etter å ha lest på ”veggen” om deili badebaseng og mulighetar for å sjå apekattar. Vi reiste med dei engelske frivillige. Då vi kom fram var vi grådig spendte på om vi kunne få bade i bikini. Vi har nemleg lagt merke til at i Lonley planet guiden er enkelte basseng merkt med at bikini er ulovleg. På skilta sto det at det kunn var lov med inntesittande badeklede i bassenge, men vi viste ikkje kva da skulle bety og bestemte oss for å ta sjangsen på at vi ikkje fornerma noko. Det vart ein fantastisk dag med plasking i basseng, soling på solstola og god mat. Etterkvart dukka det opp ei dame med tanga bikini og vi konkluderte med at vi trengte i alle fall ikkje å vere redd for å fornerme nokon. Det var bra for miriam trengte virkeleg å få sola seg på magen ;)
Valuta veksling = mareritt.
Vi fekk fri for å reise til byen å veksle inn til usd, sidan da berre kan gjerast inne i banken. Vi tenkte at sjølve jobben med dette ville være å finne banken.. hadde det berre vert so lett. Veiledaren vår anbefalte ein bank han meinte vi burde gå på, vi skreiv ned namne og tok dalla dalla in te sentrum. Etter å ha spurt oss litt fram fant vi banken. Den verka særs profesjonell og etter å ha snakka med mannen i skranken forsto vi det sånn at vi måtte ta ut ein viss sum med tsh frå minibanken og so kunne vi komme til han og veksle tsh inn i usd. Planen var grei. Problemet var då minibanken etter at renate tok ut ein viss sum, fekk systemfeil. Ein fyr kom og hjalp oss villig og forklarte vi måtte berre fylle ut eit skjema so skunne vi ta ut tsh i banken. Vi forsto ikkje so mykje av det skjemaet og bestemte oss til å gå til ein anna minibank vi kjenne betre til. Då vi kom der var det ein forann oss i køa som fekk problem.. etter ei stund fekk vi beskjed om at det var best å gå i ein anna minibank.. idet vi skulle til å gå ropte ein av mennene at no kunne vi bruke minibanken. Miriam fekk tatt ut 3 ganger ein sum, men renate fekk summen berre ut ein gong og fekk ikkje tatt ut meir. Då strarta stresse med å høyre med personalet om summen var trekt sjølv om ein ikkje fekk pengar, mannen bak skranken beroliga renate med at det var det ikkje. Då var det tur for å veksle inn tsh til usd. Sidan vi var ved ein bank tenkte vi at vi kunne like godt veksle inn pengane der i staden for den tidlegare banken vi var i. I den nye banken ville dei i tillegg til å ha kopi av passet at vi skulle skrive ein søknad for å få veksla inn tsh til usd der det sto kva vi skulle bruke pengane til (renate følte ho var 10 år igjen og ville ha penga til is). Vi sa at vi hadde vert i ein anna bank og der sa dei ingenting om søknad, då kunne dama fortelje oss at det var ein prosedyre denne banken hadde og ikkje nødvendigvis alle hadde. So tullete vi syntes ditta hørtes ut fant vi ut at vi gjekk til den andre banken. Etter ein lang kø med persona som ikkje er opptatt av intimsone fekk vi pengane ganske kjapt? Heile prossesen tok 2 ½ time. Ein skulle kanskje tru at vi skulle ha tolmod til slikt eter å ha vert i tanzania i 3 veke no, men når ein ikkje skjønna ka som skjer, er tørst og varmen steike blir ein utruleg utolmodig. Er ekstremt missunneleg på folket i tanzania som har ein tolmodighet eg aldrig har sett maken til, dei har tid til alt.
”Reserve Besta”.På laurdag var vi på eit hotell får å ete lunsj saman med dei frivillige frå England (Lulu og philli). Med eit dukka det opp ei amerikansk dame i slutten av 60 åra. Ho satte seg ned med oss og begynte å prate. Det viste seg at ho og hennar vennine, Barbra, var her i Morogoro for 47 år sidan som frivillige. Ho var veldig interessert i å høyre om korleis vi opplevde Morogoro og fekk oss til å sette ord på det vi syns var utfordrande og lærerikt. Ho fartalte litt om sine opplevelsar og det var veldig kjekt å høyre på kva ho hadde å fortelje. Susan har nemleg vert blant anna i Kina, Barcelona og Cuba og undervist. Ho ba oss komme innom hotellet hennar ein gong so vi kunne snakke meir. På tysdag møtte vi fysioterapeut studentane for å ete. Vi ente opp på hennar hotell, men vi hadde glømt kva ho hette. Då vi satt og venta på maten våra dukka Susan (som ho hette) opp og ho og hennar vennine kom og satte seg med oss. Susan helste oss med ”hei på dei” og ho fortalte etter kvart at ho hadde gått på elverum folkehøgskule i 1961. Susan inviterte oss til å komme igjen på hotellet hennar og ta eit bad i bassenget og så ut å ete etterpå. Vi ønskte å tilbringe meir tid med ho og barbra so vi takka ja. Så på Torsdag var vi, phili, Lulu og fysioterapeutane på resturant med Susan. Det var veldig interessant og koseleg.
Endeleg.
Denne veka har mykje ordna seg for oss. Arbeidsløyvet har komt i orden og heldigvis slapp vi å reise inn til Dar es salam. Vi har også fått kjøpt oss kvar sin brukt sykkel som er importert frå Kina. Vi har til og må få sendt dei på service so dei skal være i tipp topp stand. Kjepphøge Miriam meinte at ho trengte ikkje service på sykkelen for den var heilt i orden, men vart med alikavell. Vi hadde med oss ein av samfunnsarbeidarane som hjalp oss med å diskutere pris. Idet vi skulle til å gå oppdaga servicemannen at bakhjulet til miriam var punktert, det hadde ikkje miriam fått med seg. Er utruleg greitt med ein sykkel her ikkje berre på grunn av heimebesøka, men vi sleppe å bruke lang tid på enkle ærend. Saman med arbeidsløyvet og sykkelen kan vi no reise på heimebesøk lenger vekk frå Amani centre. Kjekt å kunne sjå større delar av Morogoro og forskjellane på korleis folk bur i dei ulike områda. Det problematiske med å få sykkel er no at vi må ferdas i traffikken saman med motoryklar, dalla dalla og andre kjøyretøy. Vi har allereie sykla i rundkjøyringar og eige felt for sykklar og motorsykklar (!).
Denne helja skal vi få besøk av Marie og Kristine frå Moshi. I den anledning skal vi reise på safari i Makumi nasjonalpark og undzungva national park. Gledar oss til å sjå mykje forskjellige dyr og gå i regnskogen.
Friday, January 29, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment