Vårt første heimebesøk.
Det er heimebesøk på plakaten ved dagsenteret på fredagar. Då går elevar og lærarar til born som ikkje har mogligheit til å komme seg til dagsenteret på eiga hand, etter att bussen til Amanie centre vart øydelagt. I påvente på ny bil er desse besøka både ein måte å følgje opp borna på og ei oppmuntring til familiane og borna. Sjølve besøket til kvar enkelt var i omlag 15 minutt. Dette er ikkje snaue tida, med tanke på at det kan vere 2 til 4 veke til neste gong. Likevel kan ein sjå kor stor pris både besteforeldre/foreldre og borna set på at både elevar og lærarar kjem innom og viser dei litt merksemd.
Første tur åleine med dalla dalla i Morogoro.
Laurdag hadde vi bestemt oss for å skippe frukosten og lunsjen ved Amani centre og ta føremiddagen i sentrum av Morogoro by. Dette var første gong vi reiste aleine med dalla dalla her i Morogoro. Uheldigvis fekk vi ei litt ubehagelig oppleving. Etter at vi hadde satt oss inn byrja ”ekspeditøren” og diskutere pris. Vi veit vi ikkje skal betale meir enn 250 tsh. Sidan vi er kvite prøver seljarar seg på ”mzungu buy”, europear pris, fordi nokon har ei oppfatting av at vi badar i pengar. Ekspeditøren ville krevje 1000 tsh per pers. Vi nekta og sa at vi akta ikkje betale meir enn 250 tsh. Etter mykje fram og tilbake vart vi einige om 250tsh per pers. Etter vi hadde betalt kom ekspeditøren tilbake til oss igjen og ville krevje at vi skulle betale 1500 tsh per pers. Vi nekta, og sa vi hadde betalt det vi skulle, men han gav seg ikkje. Etter ei god stund med masse fram og tilbake begynte han å blande inn prisar mellom Morogoro og Dar es Salaam. Når ha skjønte at han ikkje kom nokon veg, veksla han over til swahili som han visste vi ikkje kunne. På måten han snakka skjønte vi at det ikkje var direkte fint det han sa og resten av passasjerane lo godt. Vi sto på vårt og det blei med dei 250 tsh. Det var skikkeleg ubehageleg, men det var vel det han ville oppnå slik at vi skulle gje etter. Det er heilt greitt at seljarar vil diskutere pris, det er del av den tanzanianske kulturen og vi må lære det. Men det går ei grense, der ein går frå spøkefull pruting til ein unødvendig oppførsel. Det skal seiast dette er første gangen vi har opplevd problem med diskutering av pris på dalla dallar vi har teke her i Tanzania og det er byrja bli ein del, men som i Noreg fins det alltid unntak. Heim att gjekk turen fint.
Idag (soondag) daa vi paa vei innover til sentrum mootte vi paa same ekspeditoor som dagen foor. Han oppfoorte seg eksemplarisk og det gjorde vi ogsaa. usikker paa kva bakgrunnen for denne fredlege turen var, men hjelpe tydlegvis aa staa paa sitt her nede.
Mama pierina’s
Tidlegare studentar og frivillige har hengt opp tips i gangen over kvar ein bør reise for å ete og oppleve her i Morogoro. På denne veggen las vi om Mama Pierina’s som blir drevet av ei gresk/italiensk dame og lagar dermed fantastiske rettar frå desse to landa. Sidan vi hadde ein sterk trong for pizza ;) fann vi ut at vi skulle prøve denne plassen. Det var ein koseleg restaurant der vi blei bedt velkommen av vertinna.
Medan vi satt og venta på maten kom det to menn på syklar som byrja snakke med oss. Dei var svært hyggelege og snakka godt og tydeleg engelsk (då meinar eg med lite afrikansk slang som av og til kan vere lett å misstyde). Det viste seg at desse karane var ute etter å selje varer. Dei pakka ut alt dei hadde med seg på sykkel (som ikkje var reint lite) og vi kunne velje mellom treskulpturar, batikk måleri og andre handlaga måleri. Det var utruleg behageleg handling. Den eine mannen forklarte korleis handlinga skulle gå føre seg, han skjønte vel at dette var ein ny situasjon for oss og at vi trengte det inn med t-skei;). Han forklarte at han kom til å gje oss ein pris og so kunne vi diskutere oss fram. Viss vi kjøpte fleire skulle vi få rabattar. Det kan godt være vi betale alt for mykje, men vi fekk begge kjøpt to produkt som vi hadde pruta ned nokon 1000tsh.
Pizzaen har begge lengta nokon dagar etter og når den kom på bordet var det ei fantastisk kjensle å få ete noko som minnar ein om heime.
Etter vi hadde hatt samtale med den eine rettleiaren vår, fortalte vi ho at vi no hadde tenkt oss avgåre for å kjøpe ein ananas (det er sesong for dei no og der er utruleg saftige, heilt fantastiske). Rettleiaren vår fortalte at ho skulle innover til sentrum og at vi kunne slå følgje så slapp vi å betale ”mzungu buy”. Kan ikkje få understreke nok kor omtenksame dei er her på Amani centre. Vi slengte oss med og fekk sjå:
-kor hovudkontoret til ”diocese of Morogoro” er.
-handla inn titals med mango planter til ein gård Amani centre driv, der menneskjer med ulike funksjonshemmingar jobbar.
-til slutt tok dei oss med til marknaden der vi fekk kjøpt 2 ananasar og 2 mangoar for til saman 4 norske kroner, fantastisk!
Saturday, January 16, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment