No er vi snart ferdig med vår første veke i praksis. Denne veka har vore introduksjonsveke for å kome på plass her på Amani Centre. Vi har fått vore med på dagsenteret, lese oss opp på rapportar, blitt kjend med dei andre som jobbar her og blitt tatt med i arbeidet. Dei andre som jobbar er her veldig snille og hjelpsame, og det er ingen problem å kome til dei. Ikkje alle er like gode i engelsk, og vi er ikkje gode i swahili, så kan av og til vere vanskeleg å forstå kvarandre. Dette kjem forhåpentlegvis til å betre seg etterkvart...:)
Middag hjå Mama Bakhita
Tysdag var nasjonal helligdag her i Tanzania og vi hadde fri. Vi vart i den anledning invitert heim til Mama Bakhita på middag. Mama Bakhita er grunnleggjar av Amani Centre og sjølv om ho har pensjonert seg er ho framleis innom og vil vere vår andre veiledar under opphaldet. Dette var kosleg og vi fekk god mat. Vi merkar forskjellar mellom heime og den tanzanianske familie. Her samlast vener, familie og naboar seg i lag for å tilberede og ete i lag.
Fotballkamp
På onsdagar er det sport på plakaten her på Amani. Då fekk dei som skulle vere med på seg ei fotballdrakt, inkludert oss to. Vi gjekk bort til ein skule i nærområdet for å spele på ei slette. Der møtte vi elevar i frå skulen som vi skulle spele mot. Vi hadde også med oss drakter til dei, og eine samfunnsarbeidaren som var med var dommar og bestemte kven av barna som skulle få vere med på det motsatte laget. Nivået var blanda på begge lag og føter sparka både høgt og lågt. Vi hadde det kjempe kjekt, men kjende at fysikken ikkje var heilt som den gjerne skulle vore. Sola steikte og vi hadde ikkje tilgang på vatn. Når kampen var slutt (heldigvis berre ein omgang for vår del) gjekk vi svimlande attende til dagsenteret. Vi kunne sjå at denne måten å integrere barna på var ein veldig fin måte å gjere det på. Dei fekk kome seg ut blant folk og dei kunne føle meistring på lik linje med dei andre barna. Stemninga var god og alle var trøtte og nøgde etter kampen.
Awareness
Onsdag blei vi invitert til å bli med på Amani Centre Awareness Group sitt show. Dette er ei gruppe som ved hjelp av musikk, dans og teater informerer befolkninga om HIV/AIDS og menneskjer med ulike funksjonshemmingar og set fokus på tema. Dette var ei flott underhaldning. Vi er både grøne av misunning og mektig imponert over hoftevrikkingane til dei kvinnelege dansarane. Dette er nok noko vi berre kan drøyme om, sjølv om veiledaren vår meiner vi kan møte opp på øvingane og etter kvart delta på showet…;) Trur han manglar innsikt over norske hofter… Sjølv om vi ikkje forsto kva dei song kunne vi sjå korleis dei fekk fram bodskapen til publikum som kom frå alle kantar. Desse showa blir ikkje annonsert i forkant, men tiltrekk seg folk etter kvart som folk går forbi. Vi får forhåpentlegvis vere med å sjå fleire show under opphaldet.
Swahili
Språket her er ei utfordring. Vi lærer sakte men sikkert. Vi forstår ein del ord, men det er vanskeleg å føre ein samtale når vi har behov for det. Merkar at det er mykje enklare å snakke engelsk der det er ein moglegheit. På dagsenteret ilag med barna får vi prøvd oss og vi merkar at her hadde det vore ein styrke med betre språkkunnskapar. Barna er ivrige til å lære i frå seg, men dei må le når det går i ball for oss etter 2 nye ord. Håpar dette blir betre etter kvart:)
Mzungu
Vi får mykje merksemd sidan vi er kvite. Vi høyrer ”mzungu” (kvite/europear) overalt og blir glodd på openlyst. Vi er blitt fortalt at dette er ein måte å kome i kontakt med oss på, og alt blir tatt med eit smil frå både partar. Vi har ikkje sett mange kvite her til no, så vi forstår at det kan vere spennande å helse på oss. Vi opplever også ein del særbehandling pga. dette. Når vi skulle heim ifrå Awarness-showet ropte eine musikaren ”mzungo” og plasserte oss i framsetet i bussen medan alle andre pressar seg inn i baksetet.
Maten
Sjølv om maten her er god, merkar vi at vi saknar litt variasjon. Det er mykje det same og vi merkar at vi går lei. Sjølv om det er ulike rettar har dei den same sausen til alt. Den er god, men alt med måte. Spesielt når vi får 2 varme måltid per dag. Det vil sei vi har ete 11 måltid med den same sausen på under ei veke. Vi kan trygt sei at vi har erstatta kylling og ris! Gler oss til helga når vi har planar om å gå på restaurant og kose oss med sjølvvalt mat! Matro er også noko vi saknar her. Volumet er på fullt både på radio og tv'en, drit i om det er signal. I tillegg snakkar alle veldig høgt der. Vi høyrer ingenting og vi blir som eit gamalt ektepar som snakkar om to ulike ting gjennom heile samtalen.
Arbeidstillatelse
Arbeidstillatelsen vår skulle etter planen vere klar 12 januar, men vi har fått beskjed om at den ikkje er klar før 20. Dette gjer at vi blir litt hindra i kvar vi kan arbeide. Veiledar seier at så lenge vi er i nærleiken av Amani skal det gå greitt, men at vi må vente med å reise lenger vekk på heimebesøk til papira er i orden. Forhåpentlegvis er det i orden til den 20…
Elles...
Renate har slutta å bite negler (er redd for bakteriar). Miriam saknar grovbrød, leverpostei og mjølk. Renate vil ha fiskebollar i kvit saus med rå gulrøter. Renate har faktisk fått lange negler og må ty til klypp for (nesten) første gong i sitt liv. Vi er svette og klamme om natta og har ynskje om ei enorm vifte. Gler oss til å kome heim til vaskemaskin (sjølv om teknikken er betre). Det er reptilar på doen, men må ein så må ein. Vi er lei myggnetting! SKal bli godt med helg. Sakn av vatn i frå springen. Elles er alt bra og vi nyt varmen og det fine veiret!:)
Friday, January 15, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment