Lunsj hjå Faiza og familien hennar.
Fredag var vi i frå vpl invitert på lunsj heim til Faiza og familien hennar. Faiza var i praksis på eit dagsenter i Bergen tidlegare i haust ilag med Issa. I den perioden hadde vi som skulle til Afrika, sosialt samvær med dei og lagde både mat frå Tanzania og Noreg. Faiza bur eigentleg på Zanzibar saman med mannen hennar og deira 3 barn. Sidan ho no studerer ved ISW bur ho og dei to yngste borna hjå foreldra hennar og pendlar heim til Zanzibar i helgane. Ho har vert so vennleg å tilbudt seg å være med oss i påska på Zanzibar og ordne husvær til oss. Utruleg flotte mennesker i Tanzania. Under lunsjen fekk vi fleire rettar som er vanlege i Tanzania, smakte utruleg godt! Beste vi har smakt hittil i Tanzania. Vi set verkeleg pris på anna enn kylling og ris. Apropo las vi her tidlegare i veka i lonely planet sin phrasebook i swahili at dersom vi berre har ete kylling til no er det fordi, vi ikkje klarer og spør om noko anna. Ironisk hæ? ;P Etter vi hadde ete den nydlege maten og fantastiske smakfulle juicen, fekk vi sjå delar av Faiza sin bryllupsvideo. Verkar som ho ønskjer å vise oss mest mogleg av kulturen i Tanzania, som er veldig kjekt for oss. Vi fekk også fiksa frisyren til vi skulle ut å ete middag og på nattklubb av Faiza si tre og eit halvt år gamal dotter.Vi fekk også helse på faren, mora og den yngste systera til Faiza samt barnepika.
Middag og nattklubb ute med faddarar og fysio.
Vi frå vpl og fysio hadde lyst å spandere middag på Issa, Ng'amilo, Hassan og Faiza før vi skulle reise vidare til våre ulike praksisplassar. Dette var kjekt og verka som alle koste seg. Vi reiste vidare til ein uteplass som verka veldig eksklusiv for oss, med lydtette vegga og dresskledde vakter. Vi betalte 10 000 tsh for å komme inn og 3000 tsh for øl, men det viste seg at vi, bortsett frå to tre personar, var dei einaste i lokalet på 2 etasjar. Det skal nemnast at vi reiste ut i halv ti tida og reiste heim elleve, fordi vi skulle reise tidleg neste morgon til Morogoro.
Busstasjonen i morogoro.
Vi hadde vert advart mykje om busstasjonen i Dar es salam iforhold til at folk kunne lure, stjele, trekke og dra i deg. Difor var vi relativt forbrett på dette, men vi tykte det gjekk bra, problemet var ikkje anna enn den TUNGE bagasjen. Det vi derimot ikkje var forbrett på var folkemylderet og "maset" på busstasjonen i Morogoro. Idet vi går av bussen ropar ein mann "Amani center!" Renate tenker at dette er kanskje ein mann som senteret har sendt for å hente oss, sjølv om vi ikkje har ein avtale på det. Renate følger mannen og miriam kjem etter. Idet vi kjem til bagasjerommet ser Renate at ein mann går bærande på miriam sin store tunge marine ryggsekk, vekk frå oss. renate snur seg å prøver å fortelle Miriam at ryggsekken hennar er på veg vekk. Samtidig må ho redde sin eigen frå å bli tatt av andre ivrige "sjoføra". Miriam går etter mannen og prøvde å nå han igjen, for han ver på vei bort til bilen sin med sekken. Idet miriam kjem bort til bilen har han fått inni bagasjen til fysioterapeutane og miriam, effektiviteten vakje noke å klage på. Samstundes som dette skjedde, hadde renate eit fæla styr med å få foklart at ho måtte snakke med miriam før ho tok nokon standpunkt over kven dei skulle sitte på med til dei tre fire sjoførane som omringa ho og var veldig ivrig med å hjelpe med bagasjen. Renate blei krass, og brukte tydeleg kroppspråk og sint stemme. Då komme ho seg til miriam, som sto og venta på at sekken hennar skulle bli pakka ut av bilen igjen. Då viste det seg at mannen som hadde ropt Amani center ikkje kunne engelsk, dette blei eit problem for vi viste ikkje kem han var og kven han kjørte for. Med eit tok den eine mannen sekken til Renate og Miriam og gjekk mot bilen sin,medan "Amani fyren (?)" drog i sekken til renate, men måtte til slutt slepep.Eit anna problem vi hadde var at ingen bila på busstasjonen i Morogoro var merkt med skilt eller klistermerke om at dei var taxi. So Renate spurte korleis vi kunne stole på at dette var ein taxi, då viste mannen fram ein lapp, som såg ut som ei uutfylt kvitering, der det sto navnet på eit bil og taXi firma. Samstundes sto mannen og ein annan fyr og "ropte" at dette var ein ekte taxi. Vi tok sjangsen, og hoppa inn i bilen. 3 skuffa/fornærma menn sto igjen. Det skal leggast til i historia at vi har fått streng beskjed om å ta autoriserte taxia, for vår eigen sikkerhet. etter sju minutters kjøyretur og 3000 tsh fattigare var vi framme til amani center.
Amani center.
Vi blei møtt av Flora og Glades, men som vi har klartt å gløyme etter ein dag. Også Uncl Tony,som vi har fått beskejd om å kalle han, kom oss i møte han er slik vi har forstått hitill sjefen for senteret. Vi blei vist til våra rom, som var grei standar på. Miriam (og renate) er sjele glad at det er skikkeleg dusj og vanleg toalett like bort i gangen. vi fekk litt tid for oss sjølv før dei kom å henta oss til lunsj. Vi beli servert deili omelett og bønne "suppe", det var herleg saman med kvitt brød. Vi merkar allereie at vi savnar grovbrød.Etter vi hadde ete tok Flora oss med på ein omvisning på senteret. Der traff vi på veieldaren vårasom tok oss med på kontoret som han kalla "våra". Verkar som han er godt forberett og har laga ein 10 vekersplan for våra opphold. Dagen har vi brukt til å slappe av og lese oss litt opp, vi er spendte og geldar oss til måndag. Vi fekk fantastisk middag her som var mykje betre enn forventa. Fantastisk krydra. og vi fekk kjøtt som ikkje var så seigt, trur vi slepp å ete kylling under heile opphalde. Vi får også ei banan til dessert etter kvart måltid, herleg frukt her nede!
Søndagsvask.
Vi sto opp til ein deilig temperatur, det har nemeleg torna i natt og dermed var det litt kjøligare enn det pleier. Etter å ha vert klam og svett gjennom heile natta var det deilig og forfriskande å ta ein iskald dusj! Etter frukost fekk vi beskjed om at bøttene som samlar opp vatn som renner frå røra til vasken på badet kunne vi bruke til å vaske klede. Vi har sett på desse bøttene og har ikkje heilt skjønt kva dei brukar vatnet til sidan dei står lagra opp etter veggen på badet, men det er jo utruleg flott at dei utnyttar vatnet på denne måten. Vi fekk to såpestykker som vi vaska kleda med, so itilegg til miriams handvasksåpe sto vi i kvar vår dusj og gnikka og gnudde på kvart enkelt klesplagg. Litt av ein jobb! Har lurt på om ein skulle tatt med seg nokon av dei såpestykka tilbake til Noreg, for dei tok kvar ein flekk. Etter ca to timar var vi ferige med å gnike, gnu og skylle klena og hadde fått hengt dei opp på snorer i gangen utanfor romemt våra. Vi håpar at etter kvart som vi får inn teknikken på vaskinga at dette skal gå fortare ;)
Tida framover.
Etter lunsj har vi tenkt oss innover til sentrum av Morogoro, dersom ei av jentene har tida til å bli med å vise oss veien og kor vi går på dalla dallaen. I morgon begynner første ordentlege praksisveke. Veileder har forklart at dne vil bli ei slags introduksjonsveke her på sjølve amani center, frå nesteveke av når vi har fått arbeidstilatelsen våra kan vi bli med på heimebesøka.
Sunday, January 10, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment