Saturday, February 20, 2010

Vi kosa oss paa Mama Pierinas




Fruktsjappa over vegen fraa der vi bur


Malaria og styggedom


Sundag var vi på Saba Saba, som er den store sundagsmarknaden her i byn. Miriam som ikkje prutar og tek alt for god fisk gjorde eit kupp. Ho ville ha ei korg og mannen sa 5000. Miriam ville ikkje gje meir enn 3000 og då sa mannen ”Okey, 2000”. ”Herregud” tenkte ho og kjøpte den. Renate kjøpte seg like så godt ei ho også.

Denne veka gjekk ikkje heilt etter planen. Natt til tysdag vart Renate sjuk og når morgonen kom fekk vi beskjed om å komme oss på sjukehuset for å sjekke oss for malaria. Vi fekk vel beskjed om det sist veke også når Miriam var sjuk, men treige som vi er blei det slik. Resultata kom og vi fekk begge påvist malaria. Miriam med to parasittar og Renate med sine 3. Vi fekk medisin og vi fekk beskjed om å kvile. Renate fekk i tillegg nokre medisinar for magen, der blant anna nokre drops som ser skumle ut. Dei er så knall rosa som absolutt mogleg på størrelse med ein mentos. Dei smakar visst ei blanding av mose og mygl, og blir no kalla helvetesdropsa. Dei er vanskelege å svelgje og litt brekningar må til. Å halde pusten og litt chips på slutten hjelp visst litt. Miriam som ikkje følte seg dårleg til tross for malaria tok medisinen som ho hadde fått beskjed om og kjeda seg i hel på rommet. Ut på kvelden blei ho slappare og det var visst normalt å bli dårleg etter å ha teke medisinen, for då skal malariaen ut av kroppen.

Det har vore nokre utruleg treige dagar på rommet, men fredag var vi klare for fit igjen. Då skulle vi vere med på fysioterapiavdelinga, og dette er noko vi har sett fram til lenge. Vi fekk vere med på alt og vi fekk prøve oss på det meste. Vi fekk god kontakt med både ungane og foreldra, og vi hadde det veldig kjekt. Vi skal vere der igjen om to veker og det gler vi oss til.
Etter jobb på fredag var vi drit lei veggane på senteret og vi bestemte oss for å ta oss ein tur til byn. Der hamstra Renate inn chips for resten av opphaldet og Miriam spanderte på seg ein halvsmelta sjokolade. Etterpå reiste vi på Mama Pierinas for å ha eit festmåltid. Herregud, ris og bønner er kjipt. Til forrett bestilte vi oss oliven, tomat, ost og salami. Nam! Etterpå kosa vi oss med moussaka og peparbiff og livet var flott. Vi rulla ut av restauranten og kneip til oss ein taxi heim for 3000 sjølv om han ville ha 4000. Miriam er jo blitt ein resar i pruting.


Når vi kom attende til senteret skulle det vere avskjedfest for dei engelske som skulle reise neste dag. Då hadde ungdommane på senteret laga til dans og musikk og vi kosa oss. Veldig kjekt og skikkeleg afrikansk stemning.


I kveld skal vi på Dragonaires for å kose oss. Neste veke håpar vi å få tatt igjen litt av det som ikkje vart gjort denne veka. Vi har eit håp om at vi får tatt igjen besøka på barneheimen og gamleheimen som ikkje vart denne veka. Om fem veker skal vi på Zanzibar. Om 42 dagar får Miriam sjå Hjalmar igjen.

Sunday, February 14, 2010

Hei hei!

Onsdag var vi ute og åt med jentene ifrå fysioen. Då prøvde vi ein ny restaurant som heitte New Green Restaurant. Den såg ganske shabby ut i frå utsida, men sidan den var anbefalt både i Lonely Planet og på veggen fann vi ut at vi måtte prøve den. Vi kom akkurat når det opna og vi fekk kjensla av å komme før dei tilsette. Lokalet var heilt tomt og vi lurte på om vi skulle gå ein annan plass. Vi tok likevel sjansen og vi fekk servert heilt fantastisk god indisk mat. Der skal vi gå igjen!

Torsdag var Miriam sjuk. Då var det sjølvsagt budsjettmøte og Renate kunne gå medan Miriam måtte ligge å glo i veggen på rommet. Fredag var det endeleg eit møte som vi begge fekk delta på. Det meste føregjekk på swahili, men vi fekk likevel med oss ein del. Vi tok opp ei sak og vi fekk ansvar for å ta kontakt med fysioterapeuten og følgje det opp. Kjekt å få noko konkret å jobbe med. Ettersom det er systempraksis vi eigentleg skal ha, er det kjekt å endeleg få litt smaken på dette.

Laurdag låg vi berre å slakka ved bassengkanten heile dagen. Fantastisk med ein dag fri utan noko på programmet. Når vi kom ville vi bestille sjokolade- og bananmilkshake og frukt. Om lag 15 minutt etter at vi bestilte fekk vi beskjed om at vi berre kunne få vanilje eller jordbærmilkshake. Vi var litt skuffa men sa det var greitt. Når vaniljemilkshaken kom fekk vi også ein tallerk med frukt, inkludert banan. Kvifor kunne vi ikkje få bananmilkshake då? Arg! Seinare bestilte vi oss peparbiff til middag, noko vi hadde sett fram til heile veka. Om vi ser vekk i frå at den var litt ”lunken” kan vi vel sei at smaken var svært god.

Neste veke skal vi ha ein dag hjå fysioterapeuten på Amani. Vi har fått inntrykk av at han har ei stor rolle her på senteret og vi gler oss til å jobbe med han. Vi skal også besøke ein barneheim og ein gamleheim der vi har høyrt at songen ”eg gjekk ein tur på stien” slår godt an ettersom ”kuku” her betyr høne.

Vi er no halvvegs i praksisperioden og vi tykkjer tida har gått fort. Heimlengselen kjem likevel fram av og til, og det kan kjennast som det er ekstremt sidan vi reiste ifrå Bergen og minusgrader.

Wednesday, February 10, 2010











Langhelg i Moshi

Torsdag kom vi oss på bussen og vi var klare for ei kjekk langhelg i Moshi hjå dei andre jentene. Vi avtalte kvelden i førekant med ein taxisjåfør at han skulle komme å hente oss for å køyre oss på busstasjonen. Sidan heile timar er enklast å avtale vart det klokka 7, sjølv om halv 8 hadde vore meir passande. Morgonen etter står taxisjåføren utanfor kvart på 7, klar til avgang. Dette gjorde at vi sto på busstasjonen før kl 7. Bussen skulle gå kl 8, men sidan ein her må fylle opp bussen før dei køyrer var klokka nærare 9 før vi kom oss på vegen. Bussturen gjekk greitt med eit stopp halvvegs. Då tissa vi i eit hol i bakken før vi sat oss på bussen igjen for å fullføre den nesten 8 timars lange turen. Heldigvis var det kjekkare landskap enn Førde- Oslo, så det var ikkje så gale.

Når vi kom til Moshi vart vi møtt av dei andre jentene. Dei tok oss med for å smake på skikkeleg pizza. Heilt fantastisk! Ein kunne merke med ein gong at Moshi er meir turistby enn Morogoro. Kvite folk overalt, sikkert klare for å bestige Kilimanjaro eller besøke Serengeti. Meir turistby betyr også fleire seljarar. Folka på gata var svært innpåslitne og ga ikkje slepp på deg med det første.

Fredag var dei andre på jobb så eg og Renate sov lenge og brukte nokre timar til å lese. Etterpå møtte vi Guro og Stine i sentrum for å ete lunsj. Der var det grovbrød! Til kvelden var det taco på menyen.

Laurdag tok vi turen på ein kaffifarm opp i fjellet. Der fekk vi vere med på heile prosessen i ein kaffiproduksjon og vi fekk til slutt smake på kva vi hadde vore med på å laga. Dette var kjekt å sjå. På kvelden gjekk vi ut for å ete og for å sjekke bylivet. Då var vi på ein restaurant oppe på eit tak der vi kunne sjå ut over byen. Etterpå tok vi taxi til ein uteplass. Der var det utebar og ein stor plen med stolar og bål. Ein kjempekoseleg plass!

Sundagen pakka vi ned bikinien for å reise på eit hotell og bade. Vi låg strake i kvar vår solseng og duppa oss i bassenget. Etter ei stund kom det mange skyer og vi kjende nokre dropar. Då fann vi ut at vi skulle reise inn til sentrum for å gå på kafé. Vi trykte i oss både sjokoladekake og milkshake. Vi var innom nokre turistbutikkar før vi gjekk for å avslutte med pizza.

Måndag var det tid for heimreise og vi gjorde oss klar for den lange bussturen. Den var ekstremt lang i dag. Når vi kom attende var det ris og erter til middag, og vi kjende at det var kvardag igjen.

Wednesday, February 3, 2010

Udzungwa







Safari







Dragonaires med Susan, engelskjentene og fysioane


Morogoro Hotel


Tjohei!

Mikumi National Park
Laurdag tok vi den omtalte turen vår på safari. Kristine og Marie kom ned i frå Moshi på fredag for å vere med. Der såg vi alle moglege dyr og det var kjempe stas. Nokre dyr såg vi på lang avstand, medan nokre dyr var kjempe nær! Sebra og giraff var det mykje av, og trur vi alle tykte dei var finare i verkelegheita enn vi hadde trudd. Vi såg elefantar, buffalo, flodhest, apekattar, gribbar, krokodiller og antiloper. Vi prata mykje om løvene, og om vi kom til å sjå dei. Vi leitte lenge og etter ei lang stund fann vi 10 flotte løver ligge og chille under eit tre. Då var dagen redda!:) Vi avslutta dagen med å sjå på solnedgangen ved "hippolake" der flodhestane haldt til. Ein vellukka dag!

Udzungwa Mountains National Park
Sundag var det fjelltur på timeplanen. Då skulle vi gå i ein regnskog for å sjå på apekattar av ulike slag før vi skulle få bade i ein foss. Apekattar såg vi vel aldri denne dagen, men det var ein kjempe flott tur. Luftfuktigheita var ekstrem, så svetten rann. Dette blei heldigvis betre jo høgare vi kom. Når vi kom opp hadde vi pause ved ein foss og vi kunne nyte utsikta. Før vi gjekk ned igjen fekk vi ta eit forfriskande bad i fossen. Dumt at vi ikkje fekk sjå apekattar, men trur ikkje det var nokon av oss som eigentleg tok det så tungt. Turen var flott og alle var nøgde.

Vi ligg ikkje på latsida
Tysdag var det på tide med heimebesøk igjen. Ettersom vi har fått kjøpt oss syklar og arbeidsløyvet er i orden er det ikkje lenger ei årsak for å kunne halde seg i nærområdet. Vi heiv oss på sykkelen og ante fred og inga fare. Vi spør om vi skal langt i dag og får eit svar som "nei, ikkje så langt". Dette har vi inntrykk av at vi får uansett. Vi sykla heilt sjukt langt (litt over ein time) i tillegg til at vi skulle tilbake. Vi hadde heller ikkje med oss vatn, så dette medførte litt ubehag. Det er ikkje som heime der vi syklar på vegen. Her syklar vi der vi måtte for å komme oss fram. Sandtak, skogsstiar, langs jernbansporet, gjennom hagar, i hovudvegen, i rundkøyringar med bilar og mykje meir. Miriam får bl.a. testa høgdeskrekken sin når vi må balansere sykkelen og oss sjølv over ei bru med bjelkar og eit jernbanespor i midten. Etter 4 timar kom vi tilbake til senteret og vi rakk heldigvis lunsjen. Hendene skalv og vi hadde problem med å finne pengar i lomma og fokusere og kontrollere rørsler. Vi fekk i oss mykje drikke og etterkvart var vi oss sjølve igjen...:)

Torsdag reiser vi til Moshi for å besøke dei andre som har praksis i Tanzania. Dette gler vi oss til. Skal bli kjekt å sjå korleis dei har det der oppe i nord. Renate har lagt seg opp i køysenga etter å ha fått ein million myggstikk. No ligg ikkje myggnettingen langs armane hennar lenger. Vi har funne knekkebrød og er no i himmelen. Miriam gler seg stort til dagens knekkebrød med banan og syltetøy. Swahilien er framleis skral, men nye ord dukkar opp kvar dag. Høyrer rykter om framleis mykje snø heime. Hoho hoho. :)