Introduction week
Denne foerste veka i Dar es Salaam har vi hatt introduction week. Daa har vi vore p[ Institute of Social work og hatt undervisning. I tillegg har vi blitt vist rundt om i byen.
På ISW hadde dei arrangert ein debatt mellom oss og dei tanzanianske elevane. Temaet gjekk ut på ”korleis finanskrisa har påverka utøvinga av yrket sosial arbeid i Noreg og Tanzania”. Det var veldig bra lagt opp der dei hadde ein ordstyrar som la fram reglane og planen for debatten. Dei tanzanianske elevane hadde førebudd seg mykje, og ein kunne sjå at det var ein engasjert gjeng som ynskjer å skape endring i samfunnet. Vi tykte det var ei vanskeleg problemstilling å snakke om sidan velferdsstaten i Noreg er bygd opp på ein anna måte enn velferdsstaten i Tanzania, og difor ikkje påverka på same måte. Vi takkar Truls i frå fysio som hadde eit flott innlegg ifrå Noreg si side som gjorde at vi hadde noko å leggje fram for dei andre.
Vi har også hatt undervisning om HIV/Aids, sosial velferdsprogram for menneskjer med funksjonshemming i Tanzania, tanzaniansk kultur og program for heimebesøk. I dag var vi for å sjå på Mtoni Special School. Det er ein skule i Dar es Salaam som er berekna på born med psykisk utviklingshemming. På skulen var dei delt inn i ulike avdelingar. Dei hadde heimeteneste som dei prøvde å bygge opp for å hjelpe familien heime. Dei hadde også ei avdeling som skulle førebu barna på å byrje på skulen som 7-åringar. Og så hadde dei avdeling som var sjølve skulen.
Dalla dalla
Dalla dalla’en er framleis eit tilvenningsprosjekt. Kvar tur er ei ny oppleving og ein veit aldri kva som kan skje. Tidlegare i veka skulle vi heim midt i rush’en, og alle dalla dalla’ane var tjåka fulle. Først vart vi jaga inn på ein, men berre 4 av oss kom inn så vi vart jaga like fort ut igjen. Då kom det ein mann midt i frå trafikkorken og drog oss mot ein anna dalla dalla. Vi var ein gjeng forvirra høns, men det enda med at vi sprang 6 muzungu (kvite) jenter inn på ein ny dalla dalla - i fart! Dette skaper sjølvsagt mykje merksemd, og folk ler og smiler av oss heile tida.
I dag når vi skulle til Mtoni Special School kom det 2 politi og 2 fangar inn på dalla dalla’en ilag med oss. Dei brukar tydelegvis kollektivtrafikken til fangetransport også.
I dag når vi skulle heim i frå Mtoni Special School gjekk vi på ein buss på størrelse med bussane heime. Det var likevel like trongt som på dalla dalla’ane. Trafikken sto heilt stille og vi hadde ikkje sitteplass så vi sto og dingla i handtaka i frå taket. Ikkje berre det; vi måtte køyre av hovudvegen fordi nokon hadde gitt ein falsk seddel og måtte hentast av politiet. Turen var lang – også for bussjåføren. Etter at vi hadde stått i ro i kø ei god stund måtte Marie pikke borti bussjåføren for å vekke han. Etter ein time med rykkete køyring fekk vi oss sitteplassar og vi kunne slappe av.
Strandliv
I går tok Ng’amilo, Hassan og Issa oss og fysioterapistudentane med på stranda for å bade i det indiske hav. Då tok vi ei ferje ut til ei øy rett utanfor byen. Rett før vi skulle gå av ferja viste dei på flotte flatskjermar korleis ein skal gå av ferja. Det vil sei: spring av ferja så fort du kan! Inntrykket vi har fått til no er at folket i Tanzania har ein veldig bedageleg og roleg gange, men når det gjeld av- og påstiging av ferje og dalla dalla’ane er det om og gjere å vere kjappast. Ikkje bry deg om du må presse deg fram. Og her kjem vi nordmenn for kort. Vi er treige, vimsete og blir hysja på titt og stadig.
Når vi kom over med ferja måtte vi ta ein moped-taxi til den delen av øya stranda var på. Då vart vi fordelt 3 og 3 i ulike taxiar. Dette var mopedar med 2 hjul bak og 1 framme som gjorde dei ganske vinglete. Dei køyrde på hompete vegar, og svinga sikk- sakk mellom holene. Kjensla av å kvelve var stor. Ei frå fysio fekk til og med lov til å køyre eine taxien.
Vi hadde ei lita stund på stranda der vi kosa oss med bading, ballspel og sol. Det var ein flott plass med ope hav, sandstrand og stråhytter. Vi kan merke forskjell på vernepleiestudentar og fysioterapistudentar her. Vernepleiarane sit på kvar sin stol og slappar av med chips og drikke medan fysioterapeutane lev opp til mottoet ”min medisin er fysisk aktivitet” med å jogge langs stranda, spele fotball og volleyball.
Skitne, kvite jenter
Noko vi har lagt merke til her nede er at alle kler seg fint og pyntar seg. Dei er flotte på håret og fine og reine i kleda. Vi derimot kjem utan sminke, er varme og svette, har håret i ein bustete hestehale og vi har flekkar på kleda. Vi skjønar ikkje korleis dei klarar halde seg så reine og ordentlege igjennom ein heil dag med ekstrem varme, mykje støv, søle og folk.
Miriam har brote ein barriere: Miriam som ikkje går på do på offentleg do i Noreg om ho ikkje verkeleg må (eller er full) har no tissa i eit hol i bakken. Skjønar at dette er noko ein berre må førebu seg på her når ein skal vere her i 3 månadar og at det kan oppstå verre tilfeller. Dette var etter å forstå ganske reine og fine ”hol i bakken”.
Praktiske ting her i Afrika er litt innvikla. Det er ein lang prosess og alt tek lang tid. Papirarbeid, kjøpe bussbillett, kopiere fleire eksemplar av ei skjema og liknande. Ting som ein fiksar enkelt og effektiv heime må ein rekne god tid til her. Elles er livet bra her. Vi et framleis kylling og ris. Juicen er kjempe god og det er masse frisk og saftig frukt! Paa laurdag tek vi bussen til Morogoro der vi skal byrje p[ sj;lve praksisen.
Thursday, January 7, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment