Saturday, January 23, 2010

Endå ei veke fullført
Denne veka har vi fått vore med på heimebesøk rundt om i området. Fordi arbeidsløyvet ikkje er i orden endå må vi halde oss i nærleiken av senteret. Vi har likevel fått god innsikt i korleis forholda er og korleis ein familie kan bli påverka av å ha eit barn med utviklingshemming. Det kan vere hardt å sjå korleis enkelte familiar må leve og kor lite ressursar dei har å rutte med.
Vi har delteke på endå ein fotballkamp der Renate fekk lårhøne etter fem minutt spelt kamp og tok til slutt rolla som keeper. Lagspel fins ikkje og vil ein ha ballen taklar ein like godt sine eigne lagspelarar. Vi har kome fram til at vi framleis må trene litt kondis. Vi har fått snakka med læraren vår heime i Noreg.

Vi får framleis servert det same til kvart måltid, men desserten varierer mellom ananas, mango og banan. Swahilien går sakte, men sikkert framover. Vi har blitt lurt med ”mzungo bei” fleire gonger, men vi har eit håp om at det vil avta etter kvart som vi blir meir kjend med både prisar og språk. Vi meiner vi har fått inn vasketeknikken og kleda tørkar på eit blunk her!
Vi planlegg å reise på safari for å sjå på kule dyr og i ein regnskog for å sjå på apekattar og fossefall. Vi har fått sjekka pris og alt, så vi må berre å finne ei helg som passar. Dette gler vi oss til og skal bli ei flott oppleving! Har eit bilete av at vi sklir rett inn i ”Løvenes konge”, så håpar vi ikkje blir skuffa.

Om 2 veker har vi planar om å reise til Moshi for å besøke dei andre som har praksis her i Tanzania. Det skal bli kjekt å sjå korleis dei har det og høyre om korleis deira praksis har vore til no. Dei er fordelt på 2 praksisplassar, der Marie og Kristine jobbar på ein barneheim og Guro og Stine jobbar på eit senter for HIV/AIDS.

Livet i Morogoro er bra. Vi har brukt sminke 2 gongar under heile opphaldet. Sakn etter norsk mat er enormt, og det går vel ikkje ein dag utan at Miriam drøymer om grovbrød og mjølk. Og norvegia og skikkeleg smør. Vi gler oss til å sleppe å sove under den forbanna myggnettingen. Renate sloss med myggnettingen kvar natt. Det skal også bli godt å sleppe å vakne opp klam og ekkel kvar einaste morgon. Det er null sirkulasjon på rommet. Idag kom det 2 frivillige fraa england som vi vrekar veldig greie, dei skal vaere her ein mnd. So no må vi begynne aa dele do og dusj. Vi kan vel ikkje klage. Vi har jo tross alt fine doar og slepp ”holet i bakken”. Vi er overbevist om at dette blir ein praksis vi kjem til å hugse for resten av livet, og vi er nøgd med valet vi har tatt om å ta siste praksis i Afrika i staden for heime i Noreg.

No comments:

Post a Comment