Wednesday, February 10, 2010

Langhelg i Moshi

Torsdag kom vi oss på bussen og vi var klare for ei kjekk langhelg i Moshi hjå dei andre jentene. Vi avtalte kvelden i førekant med ein taxisjåfør at han skulle komme å hente oss for å køyre oss på busstasjonen. Sidan heile timar er enklast å avtale vart det klokka 7, sjølv om halv 8 hadde vore meir passande. Morgonen etter står taxisjåføren utanfor kvart på 7, klar til avgang. Dette gjorde at vi sto på busstasjonen før kl 7. Bussen skulle gå kl 8, men sidan ein her må fylle opp bussen før dei køyrer var klokka nærare 9 før vi kom oss på vegen. Bussturen gjekk greitt med eit stopp halvvegs. Då tissa vi i eit hol i bakken før vi sat oss på bussen igjen for å fullføre den nesten 8 timars lange turen. Heldigvis var det kjekkare landskap enn Førde- Oslo, så det var ikkje så gale.

Når vi kom til Moshi vart vi møtt av dei andre jentene. Dei tok oss med for å smake på skikkeleg pizza. Heilt fantastisk! Ein kunne merke med ein gong at Moshi er meir turistby enn Morogoro. Kvite folk overalt, sikkert klare for å bestige Kilimanjaro eller besøke Serengeti. Meir turistby betyr også fleire seljarar. Folka på gata var svært innpåslitne og ga ikkje slepp på deg med det første.

Fredag var dei andre på jobb så eg og Renate sov lenge og brukte nokre timar til å lese. Etterpå møtte vi Guro og Stine i sentrum for å ete lunsj. Der var det grovbrød! Til kvelden var det taco på menyen.

Laurdag tok vi turen på ein kaffifarm opp i fjellet. Der fekk vi vere med på heile prosessen i ein kaffiproduksjon og vi fekk til slutt smake på kva vi hadde vore med på å laga. Dette var kjekt å sjå. På kvelden gjekk vi ut for å ete og for å sjekke bylivet. Då var vi på ein restaurant oppe på eit tak der vi kunne sjå ut over byen. Etterpå tok vi taxi til ein uteplass. Der var det utebar og ein stor plen med stolar og bål. Ein kjempekoseleg plass!

Sundagen pakka vi ned bikinien for å reise på eit hotell og bade. Vi låg strake i kvar vår solseng og duppa oss i bassenget. Etter ei stund kom det mange skyer og vi kjende nokre dropar. Då fann vi ut at vi skulle reise inn til sentrum for å gå på kafé. Vi trykte i oss både sjokoladekake og milkshake. Vi var innom nokre turistbutikkar før vi gjekk for å avslutte med pizza.

Måndag var det tid for heimreise og vi gjorde oss klar for den lange bussturen. Den var ekstremt lang i dag. Når vi kom attende var det ris og erter til middag, og vi kjende at det var kvardag igjen.

No comments:

Post a Comment