Wednesday, March 10, 2010

naermar seg heimreise:)

Det er ikkje skjedd så mykje nytt her med oss. Vi et framleis bønner og ris, og vi er redd vi har manglar på vitamin og mineral. Fredag var vi på fysioterapiavdelinga og det var veldig kjekt. Dagane går og vi merkar at det ikkje er lenge til vi skal heim igjen. Vi har 2 veker igjen til vi reiser til Zanzibar og 3 veker til vi er heime igjen i Noreg. Om 1 ½ veke kjem Idun og Gunnar på besøk så det ser vi fram til. Dei skal vere her i nokre dagar før vi reiser ilag til Zanzibar. Dei skal ta med brunost og leverpostei, og vi gler oss noko heilt ekstremt.

I helga har vi berre slakka og vore ein tur på hotellet for å bade. Vi forstår oss ikkje heilt på restauranten der. Sist gong når vi ville ha bananmilkshake hadde dei det ikkje. Vi fekk i staden for servert vaniljemilkshake, men vi fekk banan på fruktfatet vårt så dei kunne jo tydelegvis lage bananmilkshake også. Denne gongen ville vi ha oss is. Renate ville ha jordbær og sjokolade, Miriam berre sjokolade. Kelneren kom attende og sa at Miriam ikkje kunne få sjokolade, men at ho kunne få sjokolade og jordbær. Så vi kunne få jordbær og sjokolade, men ikkje berre sjokolade? Ja! Etter ei god stund kom kelneren attende, og hadde vel sjølv forstått at det var litt rart, og fortalde at vi berre kunne få jordbær. Miriam ville då ikkje ha is. Renate fekk sin 1 time seinare.

I går hadde vi telefonsamtale med Peter Magnus, læraren vår heime i Noreg. Vi hadde sjølvsagt mykje å fortelje etter 2 månadar sidan sist. Etter at vi begge hadde snakka vel og lenge, og øyra var varme måtte Peter Magnus avbryte Renate og han sa at ”han var berre ein mann. Han starta å miste konsentrasjonen”. Forståeleg nok når vi såg vi hadde snakka i 1 ½ time. Vi får snakke meir når vi kjem heim.

I dag har vi vore og besøkt ein barneheim og ein gamleheim her i byen. Kjekt å sjå litt korleis andre senter her er. I kveld skal vi sta å ete indisk på New Green Restaurant ilag med Ingrid og Eivor, og vi gler oss til garlic naan som fall slik i smak sist gong. I morgon etter jobb reiser vi inn til Dar es Salaam for å tilbringe helga på stranda. Skal bli godt å slappe av litt! Sneiks!

No comments:

Post a Comment