Saturday, March 20, 2010

Hallo!

No er endå ei veke snart ferdig og det er ikkje lenge igjen i praksis. Sist helg kosa vi og fysioane oss på eit flott hotell ved stranda utanfor Dar es Salaam. Etter snart 3 månadar med svært primitive levekår fann vi ut at vi fortente dette. Vi åt skikkeleg frukost for første gong på heile opphaldet med ein flott buffet. Vi trengte ikkje mat før til kvelden igjen! Vi låg i kvar vår solstol og kjølte oss av i det indiske hav. Sundagen gjekk vi på marknad i Mwenge der vi fekk kjøpt oss masker, lysestakar og alt mogleg anna suvenirar. Vi møtte også Issa (som hjalp oss første veka i Dar) før vi måtte på bussen attende til kvardagen.

Måndag blir vi servert ris og bønner og vi er verkeleg attende til kvardagen. Vi snakkar om kor mange måltid vi har ete med ris og bønner her nede. Det er faktisk ganske mange. Vi syns utruleg synd i oss og har vatn i munnen medan vi ventar på brunosten og leverposteien som kjem med fly i morgon.

Elles har denne veka vore ganske keisam. Renate fekk makk i systemet og måtte på ein hestekur av medisin. Miriam har hatt malaria igjen og brukt dagane på rommet. Jammen lei dei styggule veggane her. Og sidan vi har ete omtrent det same heile tida her nede var det jo då ein sjans for at Miriam også har makk, og kom seg til legen igjen. Kompis på legekontoret der no. Miriam måtte også på hestekur og fekk i tillegg utlevert ei mengde med multivitamin. Bra nokon har skjønt ein ikkje kan leve på denne fattige kosten her!

På fredag er det Zanzibar!

No comments:

Post a Comment