Sidan sist har det skjedd litt av kvart. Måndag i sist veke skulle vi eigentleg vere på dagsenteret, men fekk beskjed når vi kom om morgonen at vi skulle på Mikese Farm for å hjelpe til der. Det er eit av prosjekta til Amani der ungdommar jobbar på ein gard. Der skulle vi hjelpe å så mais i lag med mange andre som vart med i frå senteret. Sola steikte og det var varmt. Så spennande var det heller ikkje, men det var kjekt å sjå korleis dei andre prosjekta til Amani fungerer.
Tysdag hadde også Miriam bursdag og vi skulle ut å ete middag ilag med fysioane. Vi gjekk på Mama Pierinas og kosa oss. Godt med noko anna mat av og til… :)
Vi har vore på nokre heimebesøk igjen etter ei lang stund sidan sist. Vi har besøkt 2 jenter vi har fått ansvar for å følgje opp. Vi jobbar med alt i frå mennesker med utviklingshemming,funksjonshemming,psykiatrisk tileggsdiagnose, sansestimulering, fysioterapi øvingar og holdningar hos føresette og i samfunnet. Vi får vere innom ein del ulike emne her og slik er det godt utbyte i forhold til utdanninga vår. Det har vore hardt å sjå korleis nokon bur rundt om her og standarden kan variere mykje.
Fredag pakka vi sekken for å ta to dagar i Mvomero. Fredag skulle vi gå på fjelltur for å ligge i telt til dagen etterpå. Vi blei fortalt at turen gjekk om lag 1 ½ time og 1 time ned igjen. Jaja, vi brukte 3 ½ time og det var ein hard tur. I ettertid fekk vi vete at det var lokalfolket som brukte så kort tid, og at 3 timar var heilt vanleg. Veit ikkje om vi hadde reist i første omgang om vi hadde vist om dette på førehand. Vi hadde fleire liter vatn i sekkane våre og vi hadde ilt i skuldra før vi starta å gå. Første delen var grei og vi gjekk i behageleg tempo. Siste halve var bratt og sola steikte. Vi var veldig slitne når vi kom på toppen etter å ikkje ete på 7 timar utanom ei banan vi fekk kjøpt av ein forbipasserande. Lunsjen måtte lagast og var servert 2 timar seinare. Skjønar ikkje korleis folka her held ut med desse måltida sine. Vi spør om dei ikkje er svoltne og får eit svar som ”no, I drink tea in the morning and then I am fine”. Når vi drikk te om morgonen slik som dei må vi berre på do! Det var kjempe flott og idyllisk og det vart plutseleg verdt det harde arbeidet med å komme oss opp. Miriam tissa i eit hol i bakken. Teltet vart slått opp på flata og det var hardt underlag. Knallhardt! Vi hadde berre kvar sin simpel lakenpose og det var ikkje mykje til madrass. Vi kunne ikkje ligge på sida for då skreik hofta. Vi fekk oss likevel nokre timar søvn etter ein hard dag.
Laurdag var vi klare til å komme oss ned igjen og for å besøke tradisjonell healer og masaiane. Hjå den tradisjonelle healeren fekk vi sjå korleis han kurerte ulike sjukdommar. Vi tenkte det kunne vere interessant å sjå sidan veldig mange her trur på dette. På masaimarknaden kjøpte vi oss litt ting i bodene og såg oss litt rundt. På vegen heim smakte vi ugali for første gong på opphaldet. Vi kjem ikkje til å ete det igjen. Smakar rett og slett absolutt ingenting! Skjønar at dette er mat som dei et for å overleve og ikkje fordi det er godt. Når vi kom attende til senteret var vi trøytte og veldig glad for at det var framleis ein fridag igjen før helga var over.
Elles går det no bra her. Sundag var vi på Dragonaires med fysioane for å ete pizza. Kjempe godt! Det er kome ei amerikansk dame her som ikkje er redd for å sei noko. Ho har klaga på maten og plutseleg har vi fått chapati, poteter, banan og ny gryte. Lurer på om det kjem til å vare, eller om det tek slutt når ho reiser igjen på torsdag. Skulle ynskje ho vart lenger…
Wednesday, March 3, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment