Reisa vår ned til Tanzania
No er vi komen på plass i Dar es Salaam i Tanzania. Her skal vi vere i ei veke før vi reiser vidare til praksisplassen vår i Morogoro.Vi var 5 som reiste i frå Flesland kl 06.30 laurdag 2. januar. Det var oss to pluss Marie, Guro og Stine som skal til Moshi. Reisa vår ned gjekk eigentleg overraskande bra. Vi såg nok ut som nokre spørsmålsteikn der vi sto og folk lo av oss. Vi fekk likevel mykje hjelp og visumet fekk vi fort ordna. Vi mellomlanda i Amsterdam der vi møtte Kristine og vi tok fly vidare til Nairobi før vi kom til Dar es Salaam. Der vart vi henta av representantar ifrå Institute of Social Work (ISW) her i Dar es Salaam. Dei plasserte alle våre dyrebare ting på lasteplanet i ein pickup der to av dei sat bak for å passe på til vi kom fram til Labada, her vi bur denne veka. Vi vart plassert i ein annan bil som skulle køyre oss på plass. På vegen til Labada var såg vi fort ein karva bil som stengde vegen. Difor måtte vi køyre ein omveg og vi kjørde oss vill. Det var mørkt ute og masse folk i gatene, og vi såg folk sove utafor skura sine. Til slutt kom vi oss fram og vi fekk sjekka inn der vi skulle bu. Vasken og dusjen fungerte ikkje, men vi vart fortald at ”this is not Amsterdam, this is Africa”. Dagen etterpå kunne vi bruke dusjen, men vi pussar tennene framleis i kjøkenvasken.Elles har vi det bra.
Representantane i frå USW har hjelpt oss mykje. Dei har teke oss med rundt om i byen og vist oss rundt. Vi har fått ordna praktiske ting som tanzaniansk sim-kort, kontantar, overnatting, ambassade og liknande. Vi kjem til å gå inn på vore norske sim-kort av og til, men har fått beskjed om å vere tilgjengelege på det tanzanianske nummeret.
Jesus Power
Vi har allereie teke den omtalte dalla dalla’en fleire gongar no. Den første vi sat på med heitte ”Jesus Power”. Dette var ei ekstrem oppleving! Intimsona eksisterer ikkje, og vi vart trykt sikkert 30-40 inn i ein ”russebil”. Standarden er verre enn ein russebil! Døra slengte seg opp og igjen, og viss ein er heldig kan folk halde seg i ei stang. I dag datt stanga til og med ned! Svetten rann og det var tjåka fullt, ein fekk nesten ikkje igjen døra. Renate kom seg så vidt inn fordi det ikkje var plass til fleire! Der har vi fått streng beskjed om å passe på tinga våre for at det ikkje skal bli stelt, men har ikkje opplevd noko endå. Turen kostar berre 250 tsh, som er 1 NOK. Ein får kva ein betalar for med andre ord. Etter mange turar ilag med representantane tok vi i dag dalla dalla’en heim åleine etter klare instruksar i frå Issa (eine representanten). Renate hadde litt kontroll. Miriam kjende seg ikkje igjen på heile turen utanom ei rekke med ananas og bananer. Då vi trudde vi hadde kjørd oss vill fortalde konduktøren at vi var komen til Msimbazi der vi skulle av. Då måtte vi berre krysse 4 felts veg utan gangsfelt som no er blitt vanleg kost. Dette er heilt vanleg her, så bilane er klar over det.
Sol og varme
Vi veit ikkje kor mange grader det er her, men vart fortald at det var 34 grader i skuggen på laurdag. Det er i alle fall kjempevarmt og det er stor forandring i frå -15 heime. Når vi ankom Dar es Salaam var varmen svært klam og trykkande. Vi blir fortald at Dar es Salaam er varmare enn andre plassar i landet og at det ikkje kjem til å vere så trykkande når vi reise inn i landet. I går var det overskya og litt betre, men i dag har sola steika. Vi har fått litt farge i kinna og vi må passe godt på å smøre oss. Vi er jo heilt kvite!
Kuku na wali
Vi har ete 3 middagar sidan vi kom hit. Maten er billig og vi har betalt mellom 7 og 30 Nok for middag her, og ein ferskpressa juice kostar 2, 50 Nok. Første måltidet valte alle nøgd kylling med ris eller pommes frites. Det vi ikkje visste var at dette blir servert over alt, og kanskje det einaste dei har. Vi har forstått at dette er ein vanleg rett her, så vi tenkjer vi vil prøve å bestille noko anna der ein har moglegheit til det. Vi har med andre ord ikkje ete anna sidan vi kom bortsett frå knekkebrød som vi har kjøpt oss. Det er heller ikkje alltid så mykje kylling vi får, og i dag fekk Guro noko som såg ut som hovudet til ein kylling. Elles er det mykje god frukt her som vi gomlar på, og vi drikk mykje vatn.
Gatelangs
Trafikken her er heilt kaos. Plutseleg kjem bilane mot kvarandre i same køyrefelt. Det er sikkert eit system her, men det klarar ikkje vi å sjå. Dei fløytar heile tida (mykje meir enn bergensarar), og det er bilar, bussar, syklar og fotgjengarar over alt. Vegen kan variere i frå vanleg asfalt til kjempe humpete vegar av sand og grus med store hole. Her gjeld det å ikkje ha senka bilar!Det er utruleg kva vi ser langs gatene her. I går såg Miriam ein mann på ein stor 3-hjulssykkel med 2 store 2-seters sofa bakpå syklande på hovudvegen. Det er jo heilt insane! Vi såg også ein mann ved ein taxi langs hovudvegen som pumpa hjulet på bilen med ei lita pumpe. Ei sånn som vi pumpar luft i baderingen med! Vi har også blitt ledd mykje av. Renate skulle i dag sei til konduktøren på dalla dalla’en kvar vi skulle gå av. Dette viste seg å vere feil mann som måtte fortelje vidare til konduktøren kvar vi skulle. Mange som lo av oss, og det var svært tydeleg at vi var ein forvirra gjeng. Ein kan ikkje ta seg sjølv så høgtideleg her med andre ord.Det går rett og slett ikkje an å samanlikne Noreg og Tanzania. Det er så store ulikskapar at ein må rett og slett ta det som det er. Vi har fått mange nye inntrykk disse første dagane og det er mykje å fordøye.
Planane våre framover
Elles har vi det bra. På onsdag skal vi på øy utanfor Dar es Salaam for å bade i det indiske hav. På fredag er vi invitert på lunsj til Faiza og hennar familie (ein av representantane). På laurdag har vi planlagt å reise vidare til Morogoro der vi skal vere i praksis. Siste veka før vi reiser attende til Noreg har vi planar om å feriere på Zanzibar. Det trur eg vi alle gler oss mykje til! Vi skal vere lenge vekke og dette er noko vi har tenkt på. Vi trur likevel dette blir 3 flotte månadar og vi skal kose oss. Vi har ikkje fått vore på internett før no sidan det har vore mykje program kvar dag. Vi skal prøve å oppdatere så mykje vi kan etter kvart, men veit ikkje kor tilgjengelig det er her.
Skrive måndag 4. januar 2010.
Tuesday, January 5, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
Hei!
ReplyDeleteKjekt å lese, høyrest spennande ut! Lukke til vidare, kos dåke!
Bitten og Ingus:)